Contents
- § 1 Namn, føremål og forretningskontor
- § 2 Medlemskapet
- § 3 Høgstesum for eiga rekning
- § 4 Medlemsmøte
- § 5 Styret
- § 6 Forretningsføraren
- § 7 Plassering av midlar
- § 8 Rekneskapsår
- § 9 Reservefond
- § 10 Revisjonen og rekneskapen
- § 11 Ansvar og plikter for medlemene
- § 12 Tillitsverv. Aldersgrenser
- § 13 Minstetal for medlemer, risikoar og samla trygdesum
- § 14 Endringar i vedtektene. Godkjenning
- § 15 Samanslåing med andre sjøtrygdelag
- § 16 Oppløysing
§ 2Medlemskapet#
Medlemer er alle direkte trygdetakarar i sjøtrygdelaget. Ved overtaking av attertrygding vert ikkje medlemskap oppretta. Medlem er ein når trygdinga tek til å gjelda og så lenge den står ved lag.
§ 3Høgstesum for eiga rekning#
Sjøtrygdelaget kan ikke taka høgare sum for eiga rekning enn kr. ..... på den einskilde risiko.
§ 6Forretningsføraren#
Forretningsføraren skal leie den daglege drifta, gjennomføre styret sine vedtak og elles ta vare på interessene til sjøtrygdelaget.
§ 7Plassering av midlar#
Midelen til sjøtrygdelaget skal setjast i bank, i skuldbrev som staten har ferda ut eller garantert eller – med godkjenning frå Forsikringsrådet – i andre verde.
§ 9Reservefond#
Overskotet i rekneskapsåret skal etter at alle utgifter er utgreidde og naudsynlege avskrivingar og store nok avsetningar er gjorde, førast over til reservefondet inntil fondet har nådd ein storleik på 10 % av heile trygdesummen for eiga rekning. Etter at reservefondet har nådd ein slik storleik, kan inntil 50 % av overskotet brukast til føremål vedteke av det ordinære medlemsmøte. Resten av overskotet skal overførast til eigenkapitalen. Vert reservefondet mindre enn 10 % av trygdesummen for eiga rekning, skal det aukast igjen som nemnt i fyrste leden. Mogeleg underskot skal først dekkjast av fri eigenkapital. Deretter skal reservefondet nyttast til dekking av underskot på slik måte: .............
§ 10Revisjonen og rekneskapen#
Revisor reviderar rekneskapen til sjøtrygdelaget og gjev melding med tilråding om rekneskapen. Etter handsaminga på medlemsmøtet skal årsmelding og utdrag av rekneskapen sendast til Forsikringsrådet på fastsett skjema innan ein månad.
§ 11Ansvar og plikter for medlemene#
Medlemene sitt ansvar er avgrensa til å svara ein forskotspremie (inkl. ekstrapremie) og til ein eventuell etterskotspremie, som ikkje må vere større enn det dobbelte av forskotspremien (inkl. ekstrapremie). Vedtak om etterskotspremie vert gjort av medlemsmøtet.Eig sjøtrygdelaget for lite til å bera alle krav og utgifter i rekneskapsbolken, trass i at det er likna ut etterskotspremie, skal den summen som vantar, fordelast høveleg på alle skadar som medlemene har lide og meldt frå om i rekneskapsbolken. Utover denne tilskotsplikta har medlemene ikkje noko økonomisk ansvar overfor sjøtrygdelaget, dei andre medlemene eller tredjemann.Medlem som går ut av sjøtrygdelaget, har ikkje rett til nokon del av eigenkapitalen eller overskotet i sjøtrygdelaget.
§ 12Tillitsverv. Aldersgrenser#
Medlemene har plikt til å ta mot val til tillitsverv, men dei som er ferdige med valperioden kan nekte å ta mot attval i like lang tid som dei sist har hatt vervet. Medlemer som har fylt 60 år, kan nekte å ta mot val eller attval.Ein tillitsmann går ut av vervet i det året han fyller ..... år (høgst 70 år). Aldersgrensa for funksjonærar er ..... år (høgst 70 år).
§ 13Minstetal for medlemer, risikoar og samla trygdesum#
Går talet på medlemer ned under 10 eller talet på risikoar med direkte trygding i sjøtrygdelaget ned under 30, eller den direkte trygdesummen ned under kr. 1 mill. skal dette med ein gong meldast til Forsikringsrådet, som tek avgjerd etter § 9 i lova av 3. juli 1953 om sjøtrygdelag.
§ 14Endringar i vedtektene. Godkjenning#
Vedtak om endring i vedtektene for sjøtrygdelaget kan berre medlemsmøtet gjera. Til vedtaket trengst minst 2/3 av dei røystene som er gjevne. Dei medlemene som har røysta må vera målsmenn for minst 2/3 av alle røystene i sjøtrygdelaget. Elles må vedtaket gjerast oppatt med minst 3/4 fleirtal på eit nytt medlemsmøte for å vera gyldig. Går vedtaket ut på å utvida verksemda til sjøtrygdelaget kan dei medlemene som ikkje har røysta for vedtaket, seia opp trygdingane sine innan 4 veker utan oppseiingsfrist. Endringar i vedtektene tek ikkje til å gjelda før dei er godkjende av Forsikringsrådet.
§ 15Samanslåing med andre sjøtrygdelag#
Sjøtrygdelaget kan verta samanslått med eit anna eller fleire andre sjøtrygdelag. I så fall må styret utarbeida framlegg til avtale om samanslåinga som mellom anna skal innehalda framlegg om eventuelle endringar i vedtektene og tidspunkt for gjennomføringa av samanslåinga.Samanslåinga kan skje ved at trygdingane saman med aktiva og passiva vert førte over til det sjøtrygdelaget som skal halda fram. Framlegg om avtale om samanslåinga med eventuelle vedlegg skal godkjennast av medlemsmøtet, og må for å vera gyldige vedtakast med det fleirtal som er fastsett i § 14, 1. leden vedkomande endringar i vedtektene.Dei tilsette skal orienterast om avtalen vedkomande samanslåinga. Avtale om samanslåinga og endringar i vedtektene tek ikkje til å gjelda før dei er godkjende av Forsikringsrådet.
§ 16Oppløysing#
Vedtek eit medlemsmøte oppløysing av sjøtrygdelaget, skal dette gå for seg i samsvar med lov om sjøtrygdelag av 3. juli 1953 nr. 2, jfr. kronprinsregentens resolusjon av 9. november 1956. Overskot når sjøtrygdelaget er oppløyst, skal nyttast slik: .........
Contains data from Lovdata (lovdata.no) under the Norwegian Licence for Open Government Data (NLOD) 2.0.